Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Den fyrste husflidsmessa i Valldal var i 1980

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I år arrangerer Norddal husflidslag Sommarmesse i Valldal laurdag 2. juli. Laget vart starta i 1973 og i Norddal Bygdeblad står det at dei hadde tenkt tanken fleire år på arrangere ei sals- og utstillingsmesse.

Saken fortset etter annonsa

I 1980 vart det messe i Laader Berg-bygget, som dei fekk låne utan at det kosta noko. Husflidsmessa den gongen gjekk over to dagar og skal ifylgje Norddal Bygdeblad ha vore ein stor suksess.

Målet den gongen var å få flest mogleg til å delta, slik at dei på eit seinare tidspunkt kunne planlegge eit husflidsutsal i kommunen.

Sidan den gongen har det vore Husflidmesse i Valldal i mange, mange år. Dei seinaste åra har dei kalla den for Sommarmesse, og slik vert det i år òg. Oddbjørn Kleppe seier det er stor variasjon av utstillarar denne gongen òg, og at Norddal husflidslag er godt nøgd med å halde tradisjonen levande.