Den same gamle nissen

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Då Eidsdal-Norddal Røde Kors arrangerte julegrantenning i Norddal, kom nissen. Det har han gjort i mange år, om det er på julegrantenning eller på juletrefest på Grendahuset. Han seier sjølv han kjem frå Herdalen og kallar seg Herdalsnissen. Kanskje skiftar han klede og gjer seg klar i eit av nausta nede ved sjøen for han varsamt legg sekken med gåver til borna på ryggen. Dei som har levd ei stund kan kjenne han att på kleda han brukar. Stokken han støttar seg på er òg den same.
Han er ein kortreist nisse som har levd ei god stund og som kjenner alle barna i bygda. Han veit kva dei heiter og kven syskena deira er.
Det har hendt at han ikkje har kunna kome på grunn av dårleg rygg eller dårleg vêr, men då har han ein nissevikar. Det er ikkje ofte det har skjedd. I Norddal har dei sin eigen nisse, som held til i Herdalen og fyrste gong han dukka opp var ved årtusenskiftet på Paktarstova.