Aktiviteten er stor i Tafjord og noko er dei heile tida som skjer på Hofseth Aqua AS sitt settefiskanlegg. Denne veka var dei mellom anna i ferd med å leggje ut eit stort røyr i fjorden. Det er eit industrieventyr på sett og vis og mange menneske arbeider der inne. Slik var det òg medan dei bygde ut kraftanlegga eit lite stykke attende i historia.
Det er hausten 2023 dei rekna med å vere ferdig med byggjetrinn to. Så vil tida vise om det vert endå meir som vil skje i Tafjord på den fronten.