Fiber til dei fastbuande i Fjord kommune

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Geir Arve Urke i firmaet OneCo var måndag denne veka på Tegane i Valldal og hengte opp fiberkabel. Dei arbeider for Tafjord Connect som har kontrakt med Fjord kommune om å tilby fiber til alle innbyggjarar i kommunen.
– Vi har att litt i Stordal og så i Valldal. I kontrakten står det vi skal vere
ferdige med arbeidet når februar 2022 er over og vi er godt i rute, seier
prosjektleiar i Tafjord Connect, Jostein Talstad.
Han har mykje godt å seie om dei som har arbeidd under dårlege vêrforhold med å føre fiber fram til heimen til folk i Fjord kommune den siste tida.
– Det har vore mykje dårleg vêr og krevjande på det viset. Vi er godt nøgde med arbeidet OneCo har gjort. Nøgde er vi òg med alle dei som vil ha fiber i heimen sin i Fjord kommune. Det er jo ikkje dei store folkemassane det er snakk om, men ut frå dei namnelistene vi forheld oss til, er oppsluttinga bra, seier prosjektleiaren i Tafjord Connect.
Det er fiber til dei fastbuande i kommunen kontrakten gjeld og når det arbeidet er ferdig, vil Tafjord Connect vil sjå på fritidsbustadane.