Høg oppe i ein stor traktor

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Storfjordnytt treffer Gunnhild Sunde på Linge ferjekai i ein stor traktor ho strør sand med.
– Eg har nok blitt inspirert av pappa til å halde på med slikt arbeid. Eg likar godt å gjere ting og ikkje berre sitje roleg, seier Gunnhild og stoppar den store traktoren.
For å få køyre den må ho har traktorlappen, og det har ho sjølvsagt. I tillegg måtte ho ta eit 50 km/t-kurs for å kunne føre traktorar som går fortare enn 50 kilometer i timen. Ho har òg teorikursa vinterdrift av veg og arbeidsvarslingskurs.
No hjelper ho far sin, Håvard Sunde i Sunde entreprenør, med ulike oppgåver utført med traktor medan ho har vinterferie frå Ålesund vidaregåande skule. Der går ho andre året på Naturbruk og akvakultur.
– Når våren og sommaren kjem, startar eg som lærling hos Hofseth Aqua AS i Tafjord, seier Gunnhild Sunde og startar opp att traktoren.