Klubbhuset på Kirkebøstadion skal stå ferdig i år

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det nye klubbhuset til Stordal idrettslag på Kirkebø stadion er no i ferd med å reise seg. Prosessen har teke nokre år med tankar, grubling, synsing og vedtak.
No har Rask Bygg sett opp mykje av grunnbygget med Ytongblokker og saman med Ole Riste skal dei gjere bygget ferdig.
I underetasjen skal det vere plass ulikt utstyr og ein garasje. I andre etasje skal det vere kiosk, opphaldsrom og toalett. Rundt bygget i andre høgda skal det vere terrasse.
– Bygget må og skal ferdigstillast i løpet av hausten. Finansieringa har vore oppsparte midlar, tippemidlar, eit stort bidrag frå Sparebanken Møre og mange fleire bedrifter, lokale og andre. Vi jobbar framleis med å få økonomisk støtte frå næringslivet. Dette må vi gjere grunna kostnadsauken på byggevarer. Då vi starta var kostnadsramma tre millionar kroner, seier leiar i fotballgruppa, Morten Tvervåg.