Kvalitet og kontroll

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Jostein Dalen hadde akkurat trekt i handbrekket og parkert arbeidsbilen sin heime på Øverå i Liabygda då Storfjordnytt kom for å slå av ein prat.
– Eg har ansvaret for Liabygda Vassverk og har akkurat teke nokre prøvar og hatt nokre kontrollar. Eg starta i ei bedrift som nyttar vatn på Lied i Liabygda og så var eg ein tur på Stavsengfjellet i eit reinseanlegg for å sjå til at alt var slik det skulle, seier han.
– No skal eg inn på kontoret her heime og setje meg inn i nokre saker som skal opp på kommunestyremøtet i Stranda i dag klokka tre. Eg representerer Senterpartiet og i dag er det spesielt éi orienteringssak om helseplattformen som er viktig. Eg trur Fjord og Ålesund kommunar er komne litt lenger enn oss, men eg reknar med at dette òg er noko Stranda vil satse på, seier Jostein Dalen og lurer samstundes på om Storfjordnytt sin representant veit noko om det.
– Eit felles datasystem, det er det eg trur det er, får han til svar.