Noko planlagt anna ikkje

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Liabygda vassverk har planlagt utskifting av 70 meter av leidningsnettet som går mellom reinseanlegget i Ekrelia til eit vassreservoar som ligg oppe på Nakken. Der vert vatnet fordelt ut til Ringset og resten av Liabygda.
– På same dag får vi eit brot i leidninga opp til vassreservoaret. Det har vi no fått fiksa. Eg skal no setje på att trykket, så får vi sjå om det virkar som det skal. Det er eit stort ansvar å drive med vassforsyning. Husdyr skal ha vatn, øl skal bryggjast og det skal vaskast og kokast. Alle abonnentane har fått melding om å nytte så lite vatn som råd medan vi held på med arbeidet, seier leiar i Liabygda vassverk, Jostein Dalen.
Vatnet dei drikk i Liabygda kjem frå ein stad høgt oppe i Ekreelva. Det vert reinsa i reinseanlegget nede ved vegen. Så vert det pumpa til vassreservoar, som tek 300 kubikkmeter.