Skikkeleg mykje snø

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Sist haust heldt rognebærtrea på å knekke saman av tyngda frå all bæra som hang på greinene. Mykje anna bær var det òg det året, tyttebær, blåbær og anna bær og i år er det mykje snø. Veldig mykje snø. Opp på Høgsetra i Fjørå var høgda på snøkanten i bakkant av denne hytta om lag tre meter. Det er lenge sidan det har vore så mykje snø der, men i 1968 var det det. Då var det så mykje snø at dei måtte grave seg ned til hytte-
taka. Om det var mykje rognebær året før, veit vi lite om.
Storfjordnytt held fram med forskinga for å finne ut av om mengda av rognebær har noko med kor mykje snø det vert. Fram til no er det mykje rogn og mykje snø som leier 2-0 – om vi då ikkje skal starte med å snu på det heile og seie: «Er det mykje snø vinteren, vert det lite rognebær hausten.» Men det skal vi ikkje.