Vel møtt med gode og kreative idéar

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Valldal idrettslag har kome fram til at dei vil endre rolla si i olsokarrangementet i Valldal. Idrettslaget har arrangert dette i den forma vi kjenner i dag sidan 1990.
– Det har teke mykje krefter å lage eit slikt stort arrangement. Området på kaia har endra seg og vi har dei to siste åra arrangert Jordbærdilten frå rådhusmarka, noko som har fungert bra. No inviterer Valldal idrettslag til eit ope møte der vi håper mange vil kome med gode forslag til kva dei sjølve kan vere med å gjennomføre. Olsok i Valldal er ei merkevare som er godt innarbeidd. Det bør vere moglegheiter til å nytte ein slik marknad til å tene pengar og til å lage gode sommaropplevingar i Valldal. Korleis dette kan organiserast, håper vi at møtet måndag 7. februar kan vere med å avklare, seier Einar Hoel som er leiar i Valldal idrettslag fram til årsmøtet i 2022.
Valldal idrettslag vil halde fram med Jordbærdilten, som har vore den sportslege delen av arrangementet og så er det fritt fram for andre til å delta og vere med på å utvikle ein ny måte å gjere dette på