Driftsbygning totalskadd i brann – no er det ettersløkking som pågår

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Klokka 14.37 første påskedag melde operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding om brann i ei driftsbygning i Eidsdal.
Ifølgje førstemann på staden, skal det ikkje ha tatt mange minutta frå brannen vart oppdaga til driftsbygninga på Rønneberg sto i full fyr. Han fortel at han tilfeldigvis kom køyrande – og såg kvit røyk frå bygget. Han fortel at han opna døra inn til fjøsen, der var det heilt svart.
– Og så small det noko voldsamt, då var det berre å kome seg på trygg avstand snarast råd, fortel han.

Det var dyr i bygninga – og innsatsleiar frå politiet, Jon Tommy Flo, fortel at det er stadfesta at til saman 17 kyr og kalvar er døde som følgje av brannen.
Kva som kan vere årsaka til brannen, er ifølgje Flo ikkje kjent – det vil bli sett i verk politietterforsking.
– Men erfaringsmessig vil det ta nokre dagar før det er blitt kaldt nok til at vi kan ta oss inn i bygget, seier Flo.