Denne veka er det Arild Eide som har fjøsstellet i Eidsdal Samdrift DA på Skuset i Eidsdal.
Mellom fjøsstella køyer han kumøkk frå gjødsellageret på Skuset til eigen gjødselkjellar på Eide.
Om lag 30 lass med ei vogn som tek 7200 liter, har han plass til der.
Driv med litt av kvart
På det viset sparar han seg mykje køyring den travle våren når det skal spreiast gjødsel på garden på Eide og gjødsellageret på Skuset får betre plass. No er det ikkje lenger dyr i nokon av fjøsane på Eide.
– Det er litt stusseleg utan dyr i fjøsane, det er det, men slik er tida no, seier Arild Eide.
Han seier at å køyre ut gjødsel er ein viktig og ikkje minst stor jobb. Det er våren og mellom fyrste- og andreslåtten, i vekstsesongen, det er viktigast å gjødsle markane.
Når Arild kjem køyrande tek han ein u-sving ved gjødsellageret og ryggar minimalt, og så er det klart for å pumpe gjødsel frå kummen til tanken han køyrer rundt med.
Denne dagen er det ein servicemann på besøk for å sjå til mjølkeroboten, så det vert litt til og frå, men nokre vogner får han køyrt.
– I tillegg til fjøsen arbeider eg litt med oppdrag for Eidsdal bygdesørvis og så brøytar eg nokre kommunale vegar vinteren. To hytter på Gjerdeløneset leiger vi ut sommarstid. Det er godt belegg på dei i høgsesongen, men vi må gjere ein innsats for å få utvida sesongen. Hyttene er store og fine og ligg heilt nede ved Eidsvatnet, så det må vi prøve på. Elles så går kvardagen som vanleg. Det er ikkje noko spesielt. Er det ikkje noko som skal gjerast, er det noko som handterast, seier Arild Eide og startar traktoren.
Eidsdal Samdrift DA
Samdrifta på Skuset i Eidsdal har ei mjølkekvote på 574 000 liter. Forholdstalet dette året har vore 0,99. Det vil seie at dei kan produsere 99 prosent av tildelt kvote.
– Dette er ein måte Tine regulerer marknaden på. Behov og etterspurnad legg grunnlaget for forholdstalet. Tine kjem med innspel til landbruksstyresmaktene som fastsett forholdstalet. I 2023 vert forholdstalet for mjølkebøndene 0,95, og vi må då produsere fire prosent mindre mjølk enn i år. Som regel vert talet på mjølkekyr redusert for å få det til å stemme. Slik har det vore lenge. Utfordringane ligg mest på dei auka utgiftene på kraftfôr og grovfôr-produksjonen, der spelar dieselprisen ei viktig rolle. Det positive i vårt område er at straumprisane ikkje har stige så mykje som andre stader i landet, seier Jan Trygve Veiberg som er dagleg leiar i Eidsdal Samdrift DA.
Dei er tre som deler på arbeidet i samdrifta og det er Arild Eide, Jan Trygve Veiberg og Frode Rønneberg. Bjørn Egil Berge og Håvard Myklebust er passive eigarar.