Frå førstkomande måndag vert det endringar i ferjeavgangane på sambandet Eidsdal-Linge endra

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Ifølgje ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune, vert det frå og med måndag 14. november mellombelse ruteendringar for ferjesambandet Eidsdal-Linge. Årsaken er arbeidet med ny ferjekai på Linge.
Møre og Romsdal fylkeskommune er som kjent i gang med å byggje nye ferjekaier på strekninga – for å ta imot større miljøferjer frå 2024, og arbeidet på Linge ferjekai er godt i gang. Men – det er redusert framkome på kaia på Linge i byggjeperioden og oppstilling av bilar til ferja vil halde fram med å vere langs fylkesvegen. Det betyr at det tek lengre tid å losse og laste ferja, i tillegg til at ferja må køyre meir forsiktig på grunn av pelearbeid i sjøen ved sidan av eksisterande kai på Linge.

I stadet for avgangar kvart 15. minutt, vert det frå og med måndag avgangar kvart 20. minutt frå morgon i kveld – i perioden fram til B-ferja vert sett inn att i trafikk neste år, heiter det i pressemeldinga frå fylkeskommunen.
For å orientere seg om dei nyte rutetidene, ber fylkeskommunen dei reisande om å bruke reiseplanleggaren på frammr.no, i FRAM-appen eller å ringe FRAM kundesenter på 71 28 01 00. Det er òg mogleg å bruke rutetabellane for ferjene i pdf-format.