Frå måndag 11. april vert parkeringsplassane på Linge ferjekai midlertidig fjerna

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Møre og Romsdal fylkeskommune treng betre plass på oppstillingsplassen til Linge ferjekai. Parkeringsplassen langs fylkesvegen blir fjerna for å få større areal for ferjekaiområdet. I samband med sprengingsarbeid vert alle parkeringsplassane fjerna i ein periode. Parkeringsplassane vert stengde og arbeidet startar måndag 11. april.
Det vert tilrettelagt for parkering nede ved ferjekaia når gravearbeida er ferdige, men fram til mai vil det ikkje vere parkeringsplassar på Linge ferjekai i det heile. Utvidinga av arealet krev sprenging, som gjer at det av omsyn til tryggleiken heller ikkje kan stå bilar parkert nede på ferjekaiområdet. Ferjekøa vert flytta opp på vegen og organisert av dirigentar når det vert sprengt.
Før sommaren skal bygging av ny ferjekai på Linge etter planen lysast ut i marknaden. Kaia skal stå klar til å ta imot dei nye miljøferjene i sambandet frå 2024. Når bygginga startar, må entreprenøren ha riggområde på kaia samtidig som trafikken skal gå mest mogleg som før.
Trafikkavviklinga og utvikling av ferjekaiarealet på Linge er utfordrande, og det må mellom anna utarbeidast ein ny reguleringsplan for området før det er mogleg å gjere større endringar. I Møre og Romsdal fylkeskommune sitt plan- og byggeprogram er det føresett oppstart av regulering i 2023 og planlagt vedtak i kommunen i 2025. Det er ikkje sett av midlar til utbetring av området i gjeldande økonomiplan.