Storfjordnytt
2 minutter lesetid

I dag, torsdag 2. juni, opnar fylkesveg 63 fram til Slettvikane

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Møre og Romsdal fylkeskommune opnar fylkesveg 63 Valldalsvegen mellom Øvstestølen og Slettvikane etter vinteren i dag, torsdag 2. juni, klokka 12.00. Vegen vidare over Trollstigen er ikkje klar for opning enno.

Saken fortset etter annonsa

I Trollstigen blir det jobba med reparasjonar av dei store skadane vegen har fått i vinter. Det er også for stor skredfare til at det er forsvarleg med opning.

Turterreng

– Vi veit mange skigåarar hadde håpa veldig på at vi skulle opne Trollstigen til pinsa. Når det ikkje er mogleg, ønskjer vi å opne den delen av den nasjonale turistvegen som geologane våre har klarert. Då får skigåarane tilgang til mange av kremturane i området, frå sunnmørssida, seier byggeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Stengt for vedlikehald

Vegen vil bli stengt ein dag seinare i juni når det skal støypast nye betongkantar. Då er det ikkje plass til trafikk samtidig. Trafikantane må difor sjekke trafikkmeldingane på www.175.no når dei planlegg turen.