Måndag startar arbeidet med å ruste opp fylkesvegen på Døvingssida i Valldal

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Møre og Romsdal fylkeskommune melder i ei pressemelding at det førstkomande måndag, altså 15. august, vert starta eit arbeid med vedlikehalds- og forsterkingstiltak på fv. 5932 Døvingssida mellom Uribrua og Holsbrua i Valldal.
Vegen er smal og anleggsmaskinene tek stor plass. Det blir derfor nødvendig å stenge vegen i lengre periodar på kvardagar mellom klokka 08.15 og 20.00 fram til midten av september. Det kan også vere behov for arbeid laurdagar.
Vegen blir stengt der det til ein kvar tid er arbeid, men vil alltid vere open når skulebussen skal forbi om lag klokka 14.35 og 16.45.
Der det ikkje er arbeid på strekninga, vil vegen kunne brukast. Før skulestart 22. august, vil arbeida starte klokka 08.
Slik skal vegen rustas opp:
• Betre sikt i sving, mellom anna med sprenging av fjell.
• Knuse dårleg asfalt.
• Forsterke vegkroppen med knust asfalt, stein og bindemiddel.
• Ny asfalt
– Fylkesvegen vil ha vesentleg dårlegare standard i arbeidsperioden, fordi asfalten er fjerna og vegen berre består av grus- og steindekke. Det må til ein periode før vegen får eit skikkeleg standardløft. Vi oppfordrar trafikantane til å køyre sakte og ta omsyn til køyreforholda, seier byggjeleiar Leif-Olav Brandt i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det blir også noko etterarbeid i siste halvdel av september. Det vil gi punktvis hindring og alle som brukar vegen må rekne med litt ventetid.
Vegtrafikksentralen har oppdatert informasjon om kvar vegen er stengt i arbeidsperioden på 175.no