Redusert framkomme og nattestengde tunnelar

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I perioden 20. november – 31. januar vil det vere redusert framkomme gjennom Visettunnelen, Dyrkorntunnelen og Stordalstunnelen, på fylkesveg 650. Det vil òg vere ein periode der tunnelane blir nattestengde. Årsaka er at det skal utførast sikringsarbeid.
Ledebilkøyring
Frå 20. november til og med 31. januar neste år vil det vere ledebilkøyring frå kl. 17:30 på ettermiddagen til kl. 06:00 om morgonen i alle tre tunnelane, men i ein periode fram til jul blir dei heilt stengde mellom 22.30 og 05:00/06.00, som beskrive under.
Periode med nattestengde tunnelar
Arbeidet i tunnelane krev at dei blir nattestengd frå 20. november til 23. desember. Dei vil bli stengde for ferdsel frå kl. 22:30 til kl. 05:00/06:00 i denne perioden. Det er ikkje ledebilkøyring i periodane tunnelane er stengde.
I perioden med nattestengde tunnelar vil det vere slik:
Dagar: | Kolonnekøyring: | Stengd tunnel: |
måndag – tysdag | 17:30 – 22:30 | 22:30 – 06:00 |
tysdag – onsdag | 17:30 – 22:30 | 22:30 – 06:00 |
onsdag – torsdag | 17:30 – 22:30 | 22:30 – 06:00 |
torsdag – fredag | 17:30 – 22:30 | 22:30 – 06:00 |
fredag – laurdag | 17:30 – 06:00 | – |
laurdag – søndag | – | – |
søndag – måndag | 17:30 – 22:30 | 22:30 – 06:00 |
- Det blir ledebilkøyring natt til laurdagar, med gjennomslipp nokre tidspunkt. Følg med på 175.no.
- Natt til søndagar vil det ikkje vere arbeid i tunnelane.
- Det vil vere opne tunnelar frå 23. desember kl. 06:00 til 1. januar kl. 17:30.
Utrykkingskøyretøy vil heile tida kunne passere.
Prosjektleiinga oppfordrar trafikantar til å følje med på 175.no, for å holde seg oppdatert på eventuelle endringar.