Tunnelane mellom Liabygda og Valldal vert nattestengde frå 21. februar

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Tunnelkvelva i Overåtunnelen, Blikshammartunnelen og Lingetunnelen skal sikrast med sprøytebetong. Det krev tid for å sprøyte på, herde og få den såkalla sprøytetåka ut av tunnelane. Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
– Sidan starten på sikringa har vi reinska fjell og montert sikringsboltar i alle tre tunnelane. Totalt er det tatt ned rundt 50 tonn stein. I tillegg er det montert sikring mot vatn og frost i Lingetunnelen. No skal vi i gang med sprøytebetong og då treng vi lang stengetid slik at lufta er forsvarleg og bilane som køyrer gjennom tunnelen ikkje blir øydelagde av betong, fortel byggeleiar Brynjulv Eide i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Frå måndag 21. februar blir trafikken gjennom tunnelane slik:
• Søndag til fredag: Ledebilkøyring frå kl. 17.30-23.00. Stengt frå kl. 23-06.
• Open tunnel/fri ferdsel frå laurdag kl. 06 til søndag kl. 17.30.
Sikringsarbeidet skal etter planen vere ferdig innan fire veker. Naudetatane kan køyre gjennom tunnelane i heile perioden.
Gir sikrare tunnelar
Dei tre tunnelane er snart 50 år gamle. Med bakgrunn i geologiske inspeksjonar har det vore arbeidd med å rive gamal sikring mot vatn og frost, reinske fjell, sikre med boltar og sette opp ny sikring mot vatn og frost sidan slutten av november. Resultatet blir tryggare tunnelar for trafikantane. Det vert også sikra med isnett og steinsprangnett ved portalane.
Tunnelane har vore stengde for trafikk store delar av natta sidan slutten av november og endringa frå førstkomande måndag er ei lengre stengeperiode nattestid enn det som har vore tidlegare.