Drop in-vaksinering i Fjord kommune

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune har no sendt ut melding om at det er høve til å få koronavaksine – utan å ha bestilt time på førehand.
Drop in-vaksineringa vil gå føre seg på Martin Linge-huset i Valldal førstkomande onsdag, altså onsdag 19. januar frå klokka 13.20. Det vert innslepp av folk kvart 20. minutt.
Ifølgje informasjonen frå kommunen er det Pfizer-vaksinen som vil vere tilgjengeleg denne dagen.
Dei som kan stikke innom for vaksine er:
• dose 1 – for dei som enno ikkje er vaksinerte,
• dose 2 – når det har gått fire veker sidan dose 1,
• dose 3 – når det har gått 20 veker sidan dose 2, og dette gjeld alle over 18 år, og
• dose 4 – når det har gått tre månader sidan dose 3, og dette gjeld særskilde grupper med alvorleg sjukdom.