Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Siste dag med Post i butikk på Shell – og i morgon, tysdag, er Posten på flyttefot

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I dag, måndag 12. september, er siste dagen Shell-stasjonen til Valldal Bilsenter AS har Post i butikk.

Saken fortset etter annonsa

Tysdag er den store flyttedagen, frå Shell til Bunnpris – og då vert det ikkje mogleg å få utført posttenester. Men onsdag 14. september, skal Post i butikk på Bunnpris vere oppe og gå, med postboksar, ut- og innlevering av pakkar og alt anna som Post i butikk kan ordne med.

Dermed: har du æren på Posten, er det greitt å gjere det i dag. Viss ikkje, må du altså vente til onsdag.

Dagleg leiar i Valldal Bilsenter AS, Kjetil Støversten, seier det er både litt rart og litt godt at Posten no flyttar til Bunnpris.

– Det er slik anbodssystemet er, vi har hatt posten i sju år no, og vi syntest ikkje vi kunne gå lenger ned i pris enn det vi gjorde, seier han og legg til at han vil nytte høvet – no når det blir frigjort plass i bensinstasjonbutikken, til å «ommøblere» og fornye den litt.