Stor folkefest når kongeparet kjem til Fjord kommune tysdag 30. august

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Kong Harald og dronning Sonja kjem på såkalla fylkesbesøk i perioden 30. august-1.september. I løpet av desse tre dagane skal kongeparet besøkje fem kommunar på Sunnmøre.
Kongeparet startar fylkesbesøket i Valldal i Fjord kommune om føremiddagen tysdag 30. august, om ettermiddagen same dag besøkjer dei Sykkylven. Dei to påfølgjande dagane er det Vanylven, Sande og Hareid som kan gle seg over kongeleg besøk.
– Vi har gledd oss til dette kongelege besøket lenge no, og inviterer alle innbyggjarane våre til folkefest med variert program der kultur og næringsliv i kommunen får vise seg fram, seier ordførar Eva Hove.
Sjølv om kongeparet har vore her før i private samanhengar, så er dette det første offisielle besøket kong Harald og dronning Sonja har hos oss. Dette blir stor stas! Dronning Sonja har som kjent vore på fleire private besøk i kommunen vår og har gått mange fine turar i fjella og fjellgardane våre – mellom anna har både Skrenakken og Ytste-Skotet har hatt dronninga på hyggeleg besøk, held ho fram.
Kongeparet kjem sjøvegen med kongeskipet og går i land på Syltetorget klokka 1030. Programmet for sjølve kongebesøket som varer fram til klokka 1200, er sett opp i tett samarbeid med Statsforvaltaren og slottet, slik det er vanleg for slike offisielle besøk. Det er varsla stort presseoppbod av så vel lokale, regionale og landsdekkande media.
Vi reknar med at store og små frå heile kommunen vil delta på folkefesten. Barnehagane og skulane vil sjølvsagt vere til stades, det same gjeld også fleire av våre eldre. Vi håper mange møter med flagg og hurrarop!
Syltetorget vil nok bli stappfullt denne dagen, men det er godt organisert og tilrettelagt. Der vil vere vertar frå kommunen som vil organisere dette på ein god måte. Vi reknar med at her vert folksamt, og vert lagt opp til skilta parkering mellom anna på den såkalla rådhusmarka. Likevel oppmodar vi om å bruke kollektivtransport så langt det er mogleg.
Etter at kongeparet har reist, er det lagt opp til eit etterlag der folk kan halde fram med å kose seg og bli underhaldne på torget.
– Dette blir ein dag for minneboka, seier ordførar Eva Hove.
Nærare helga kjem det meir detaljert informasjon om korleis Syltetorget blir rigga under kongebesøket.