Olsok-konsert i Rosekyrkja

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Laurdag 29. juli blir det høve til ei spennande konsertoppleving i den særprega Rosekyrkja i Stordal. Det er den tradisjonsrike Kyrkjehola Kulturbeite som arrangerer, og med seg har dei fått felespelar og songar Jorun Marie Kvernberg og trekkspelar Kristina Farstad Bjørdal.


Desse to aktørane skal møtast som duo i denne konserten, og på repertoaret står tradisjonelle slåttar og songar frå Sunnmøre og Romsdal, i tillegg til Kvernberg sine komposisjonar. Dei to allsidige musikarane møttest først gjennom festivalen Tonehimmel i Volda, der Kvernberg komponerte musikk til Bjørdal og ein medmusikar. I samarbeidet fann dei ut dei hadde mykje til felles i musikken, og dei gler seg til å halde sin første heile duokonsert saman i Rosekyrkja denne kvelden.
Alt frå Bolstads «Fagre Stryn» og springar etter Jens Synnes, til varietémusikk frå Bjørdals repertoar, og eksperimentelle komposisjonar frå Kvernberg blir å høyre denne kvelden. Med stor innleving og utstråling vil duoen formidle både det tradisjonelle og det nyskapande, med historier attåt.
Kyrkjehola Kulturbeite har solide tradisjonar som arrangør av konsertar i Rosekyrkja. Det er no 5 år sidan gjengen bak Kulturbeitet tok ein pause, men no håper dei igjen på at publikum vil finne vegen til Stordal og Rosekyrkja – dette smykket av eit konsertlokale. Dei lovar skikkeleg god, gammaldags Kyrkjeholestemning.