Fjord kommune sin kulturpris for 2022 er tildelt ekteparet Gunnar Inge og Carolin Eide.

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune har tildelt ekteparet Gunnar Inge og Carolin Eide kulturprisen for 2022. Dette vart bestemt då formannskapet hadde saka til avgjerd sist fredag. Det skriv ordførar i ei pressemelding måndag ettermiddag.
I retningslinene for tildeling av kulturprisen, kan ein lese at prisen kan tildelast einskildpersonar eller grupper av personar, herunder lag og organisasjonar, som over lang tid har vist vilje og evne til å yte ein aktiv kulturinnsats.
Gunnar Inge og Carolin fyller så avgjort dei vilkåra som retningslinene trekkjer opp. Innsatsen desse to legg ned for kultur- og musikklivet i kommunen, er ekstraordinær. Dei har ofte ein finger med i spelet i mange arrangement i eigen kommune. I tillegg er dei også ofte med på arrangement i nabokommunane. I tillegg til å ta initiativ til konsertar, sparer ekteparet seg heller ikkje når det gjeld å legge ned mange timar dugnadsarbeid. Både når det gjeld det musikalske og når det gjeld den praktiske tilrettelegginga, er ekteparet godt synleg og tar sin del av jobben – og vel så det!
Tid og stad for overrekking vil verte bestemt i samråd med prisvinnarane.