Storfjordnytt
3 minutter lesetid

Fjøsgolv kollapsa – 73 geiter er døde

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Klokka 12.27 tikka vart det varsla om at golvet i ein geitefjøs på Indreeide i Eidsdal hadde kollapsa og at mange geiter hadde ramla ned i gjødselkjellaren. Det var bonden sjølv som varsla om hendinga, han var i fjøsen då det skjedde.

Saken fortset etter annonsa

Veterinær og brannmannskap rykka ut til staden og har sidan då drive redningsarbeid. Dei aller fleste dyra som ramla i gjødselkjellaren har drukna. Innsatsleiar Bjørn Helge Rønneberg fortalde at eitt dyr vart henta ut i live, men at det døydde like etterpå, truleg av gassane det hadde vore utsette for.

Brannsjef i Fjord kommune, Inge Teigen (til venstre) og innsatsleiar frå brannvesenet i Eidsdal, Bjørn Helge Rønneberg.

Det var mannskap frå brannvesenet både i Eidsdal og i Geiranger som rykte ut til hendinga. I tillegg var andre gardbrukarar i området på staden for å hjelpe til. I tillegg var både luftambulanse og ambulanse på staden, men luftambulansen returnerte etter ei stund.

Bonden sjølv, som var i fjøsen då golvet kollapsa og som også tok del i redningsarbeidet. Han fekk pusteproblem, men var oppegåande då Storfjordnytt fekk to ord med han før ambulansen tok han med for ein sjekk ved legevakta i Valldal.

Saken fortset etter annonsa
Mannskapet som skulle inn i fjøsen og ned i gjødselkjellaren for å arbeide, var utstyrte med røykdykkarutstyr på grunn av gassane.

Arbeidet med å få ut dei døde dyra og få tømt gjødselkjellaren vil pågå utover. Kvifor golvet i fjøsen kollapsa, er det ingen som kan meine noko om no, det er noko som vil bli undersøkt i løpet av dagen.