100 år med helseteneste i Norddal

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Opphavleg var vi ein del av Ørskog legedistrikt, men i 1877 vart distriktsinndelinga endra og Indre Sunnmøre legedistrikt vart oppretta med bustad for distriktslegen på Stranda. Dette fungerte heilt fram til 1919, då vart Norddal kommune eige distrikt, men i fire år fram til 1923, var legen på Stranda framleis vår lege.
5. januar 1923 vart Henrik Marial Dørge, fødd 4. mai 1895 i Kristiansund, tilsett. I 1928 gifta han seg med Andrea Storvik frå Bremnes og dei fekk to døtrer.
I bygdene vår var det stor glede over å få eigen distriktslege. Kommunen gjekk straks i gang og bygde bustad med kombinert legekontor, laboratorium og venterom. På Sylte står huset i dag nyrestaurert og fint.
Dr. Dørge fekk ein lang og travel arbeidsdag i Norddal. Det var døgnvakt heile veka, også på søndag. I tillegg til kontoret hadde han kontordagar i alle bygdene på fredag. Han starta då i Ytterdal, så Dalsbygda, Tafjord og Fjørå. Legen disponerte eit lite kontor i alle bygdene. Doktorbåten vart ein kjent farkost som var velkomen med sin dyre last.
Den gongen var det like stort folketal i Norddal kommune som det er i Fjord kommune i dag.
Dr. Dørge slutta 16. juni i 1952 etter 29 år i teneste. Det vert sagt at han var ein friskus og heldt seg i god fysisk form. Han bada i sjøen nesten kvar dag, vinter som sommar.
Seinare har det vore mange legar innom kommunen, i korte og litt lengre periodar. Ragnar Lødøen vart tilsett som nyutdanna lege og kom hit med familie i mars 1969. Han var med på å samle helsetenestene i eit nytt rådhus og vil for ettertida verte hugsa for sitt pågangsmot som fekk Muritunet til Valldal. Muritunet er i dag Fjord kommune sin største arbeidsplass om ein ser vekk frå kommunen sjølv. Ragnar Lødøen slutta i 1991 og hadde då vore distriktslege i 22 år.
Idag har vi fått nytt helsesenter, samla under eit tak med gode arbeidsforhold for tilsette, og hyggeleg å kome til for oss pasientar. Vi har all grunn for å vise stor takksemd for den gode helsetenesta vi har i dag!ode helsetenesta vi har i dag.