–Eg kallar ho for Per

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
– Den kjenner meg godt. Eg har gitt den mat kvar dag gjennom vinteren. Når eg sit oppe ved omsorgsbustadene, kjem den heilt nær meg så eg kan mate den frå handa mi om eg vil. Nokre gongar har den med seg familien òg, seier Turid Svarstad.
At dei to har eit nært forhold, er heilt klart. Den kjem når ho lokkar og den veit den får mat. Og mat har Turid alltid med seg i tilfelle kråka skal dukke opp.
– Namnet Per har den fått grunna eit minne i frå ungdommen, det var ein flott fyr som bar det namnet. Det vert nesten slik at eg matar minna mine, ler Turid Svarstad.
Den blide gamle dama set stor pris på at våren er i nærleiken og seier at ho nok må kjøpe seg nokre nye kjolar til ære for den.
Storfjordnytt har god tid til å hente fotoapparatet og forevige samtalen mellom kråke Per og Turid Svarstad. Vert kråka skremt av noko, tek det ikkje lange tida før ho kjem hoppande attende.