Kor vanskeleg kan det vere

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
g skulle melde frå om nokre gatelys i Fjørå som lenge har vore ute av drift. Fyrst tok eg kontakt med Mørenett i Djupøyna. Dei hadde ikkje noko med det å gjere og eg vart beden om melde frå om feilmeldinga til Eviny i Bergen. Dei har òg ei underavdeling i Ålesund, men den var det umogleg å finne telefonnummeret til. Dei ville vite kva husnummer gatelysa var i nærleiken av, men det er ikkje noko hus der, veit du. Dei lyspunkta eg refererte til var ikkje å finne på kartet. Så då fekk eg vite det var Fjord kommune sitt ansvar, så eg ringde dei. Han eg snakka med der ville kome attende om han ikkje fann punkta, men det gjorde han. Og det var meldt feil på same punkt 18. april utan at feilen er utbetra. Hjelpe meg så komplisert alt vert etter kvart. Og kvifor er ikkje feilen utbetra. Skal Fjord kommune spare seg vekk frå Robeklista med nokre gatelyspunkt?