Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Manuell dirigering etter at bil tok fyr

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det var tre brannbilar til stades i Liabygda etter at ein bil tok fyr laurdag kveld. Det var ein førar og ein passasjer i bilen, som begge kom seg ut før bilen starta å brenne.

Saken fortset etter annonsa

– Vi hadde akkurat vore og kjøpt bilen og var på veg heim derifrå, seier føraren. Han fortel at det byrja å sprake frå eksosanlegget etterfølgd av røyk. Dei stoppa bilen og gjekk ut, og då begynte det å brenne i fronten. Brannvesenet er på staden og har kontroll på situasjonen.

Brannvesenet sløkte brannen på staden.