Flyttar stengeperioden for Eidsdal ferjekai – det vil seie at det ikkje vert stenging i april slik det tidlegare er varsla

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Den planlagde stenginga av Eidsdal ferjekai i april i år, blir flytta til oktober. Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune.
Årsaka til flyttinga er ei totalvurdering av framdrifta i prosjektet og at ei stenging i oktober vil få mindre konsekvensar for lokalmiljøet og næringsaktørar i området.
Tidlegare har det vore varsla om ein stengeperiode i april for å mellom anna bygge nytt landkar og bytte ferjebru. Det er fleire årsaker til at denne stenginga no blir flytta til oktober (i løpet av veke 42), då det allereie er planlagd ein stengeperiode for å gjere ein større pelejobb.
Utfordrande grunnforhold og mindre konsekvensar for lokalmiljøet
Ei sentral årsak til endringa, er at grunnforholda på sjøbotnen er dårlegare enn antatt. Dette fører til usikkerheit om entreprenøren rekk å ferdigstille pågåande arbeid før stengeperioden som var planlagd i april. Samstundes har det vore tett dialog med partar dette vedkjem i området, som har vore tydelege på at stenginga i april vil føre til utfordringar for mellom anna næringsaktørar.
– Vi har hatt ein gjennomgang med entreprenør om desse forholda, og dei skal greie å gjere operasjonane som var planlagd i april, samstundes med pelinga som dei skal utføre i oktober. Det er avgjerande at dei får gjennomført dette arbeidet i oktober, for å rekke sluttdatoen. Ferjekaiene i Eidsdal og Linge skal vere klare imot nye miljøferjer frå 2024, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Kristian Remkall.
– Det har vore ein nyttig dialog med lokalmiljøet og næringsaktørar undervegs, som har tydeleggjort konsekvensane ved å stenge i ein periode i april, med stor trafikk og mykje aktivitet. Ved å samle stenginga til oktober vil desse konsekvensane vere noko mindre, og ein får meir tid til å planlegge, held han fram.
Remkall er tydeleg på at prosjektet ønskjer å fortsette den gode dialogen med lokale interessentar for å redusere negative følgjer mest mogleg. Dette gjeld mellom anna naudetatar, næringsinteresser og andre.
Kan bli noko lengre stenging
I og med at det blir meir omfattande arbeid som bli utført i oktober, er anslaget at stengeperioden vil vere på mellom to og tre veker.
– I stengeperioden i oktober vil det vere pelearbeidet, med ytste del av tilleggskaia, som vil være styrande for varigheita. Vi anslår mellom to og tre veker til dette arbeidet, men vil planlegge for å korte denne perioden ned til et minimum, seier Remkall.
Det vil i tida framover også bli jobba med avbøtande tiltak, som alternative ferjeruter i stengeperioden, og halde god dialog med beredskapsaktørar og andre interessentar, for å få til best moglege løysingar når ferjekaia blir stengd.
Bakgrunnen for anleggsarbeidet er at de det skal byggast nye ferjekaier på Eidsdal og Linge som kan ta imot nye miljøferjer frå 2024. Ferjene får ein kapasitet på 80 personbileiningar, som er ei vesentleg forbetring samanlikna med ferjene som går i sambandet i dag, som har ein kapasitet på 35 personbileiningar.