Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Kortvarig stenging av Stordalstunnelen på grunn av beredskapsøving

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Torsdag 14. september blir Stordalstunnelen, på fylkesveg 650 i Fjord kommune, stengt mellom klokka 19.00 og 21.00 på grunn av beredskapsøving. Det blir ledebilkøyring ein time før og etter dette på grunn av opp- og nedrigging.

Saken fortset etter annonsa

Rutebussen som skal gå innanfor denne tidsramma får passere.  Trafikantar som skal til Dyrkorn vil sleppe gjennom Dyrkorntunnelen, men desse må kontakte trafikkdirigent på Kokarsteinen før dei køyrer gjennom.  

– Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane, seier brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Møre og Romsdal fylkeskommune.