Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Skyssbåten går mellom Valldal og Norddal inntil vidare

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fjord1 melder fredag føremiddag at skyssbåten inntil vidare ikkje vil anløpe Eidsdal. Det har med kaiforholda å gjere.

Saken fortset etter annonsa

Dermed vert det som tidlegare, at avgangar merka Eidsdal vert utført frå Norddal. Dette gjeld inntil vidare, inntil ny melding kjem, heiter det frå Fjord1.

Det vil bli sett opp skyttelbuss mellom Norddal og Eidsdal – tidspunkt for dette vil avhenge av når Norddalsstranda er open for trafikk.