Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Store problem på sambandet Eidsdal-Linge

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I morgontimane i dag, torsdag 7. juni, kom det melding om at A-ferja på sambandet Eidsdal-Linge hadde tekniske problem.

Saken fortset etter annonsa

B-ferja vart sett i trafikk litt over klokka 8 i morges, og gjennom dagen har sambandet hatt berre éi ferje i drift. Med den trafikken som er no, med fylkesveg 63 som er open i begge endar, har det ført til lange køar og lang ventetid for dei reisande.

Slik såg ferjekøen på Linge ut litt tidlegare i ettermiddag. Det vil seie at det har vore – og framleis er – lang ventetid for å få kryssa fjorden. Foto: Tor Arne Aasen.

Frå og med klokka 19:20 har det vore normal drift i sambandet.