Trollstigen og Geirangerfjellet blir stengd i helga

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Både fv63 Trollstigen og fv63 Geirangerfjellet vil vere stengd gjennom helga. Grunnen er at det er meldt vind og mykje nedbør både laurdag og søndag.
Fredag er det ein kort betring i versituasjonen, men det blir kaldare og nedbør til natta, melder fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding. Dei to fjellovergangane har allereie vore stengde nokre dagar – på grunn av vêrtilhøva.
– Laurdag og søndag er det i høgda meldt til dels mykje nedbør, opp mot 50 centimeter snø, kombinert med vind. Då er det ikkje forsvarleg å halde vegane opne. Vi veit at mange, både bubilar og bussar, framleis køyrer på sommardekk, seier Brynjulv Eide, teamleiar vegdrift Nordmøre og Romsdal.
Det blir gjort ei ny vurdering måndag 16. oktober kl. 0900.
Oppdatert trafikkinformasjon hos Vegtrafikksentralen: www.175.no