Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Trollstigen opnar torsdag

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Etter fleire rundar med geologiske vurderingar er det no klart for sesongopning av Trollstigen, torsdag 25. mai. Det melder fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune tysdag ettermiddag i ei pressemelding.

Saken fortset etter annonsa

Trollstigen opnar altså førskomande torsdag, den 25. mai klokka 10.30.

Oversikta over opningsdatoar for Trollstigen frå 2011 og fram til i dag viser at denne vekas opning ikkje er verken spesielt tidleg eller spesielt sein, men aldeles midt på treet. Opningsdatoane dei siste åra ser slik ut: 

Årstal  Dato  
2011  13. mai  
2012  1. juni  
2013  22. mai  
2014  8. mai  
2015  13. mai  
2016  25. mai  
2017  24. mai  
2018  11. mai  
2019  16. mai  
2020  12. juni  
2021  20. mai  
2022 9. juni