Arne Nydal skreiv i 2010-utgåva av Jul i Nordfjord om Norddal prestegard generelt og sokneprest Leonard Næss spesielt. Storfjordnytt har fått lov til å gjengi teksten her. Og merk at teksten er skriven lenge før samanslåinga av Norddal og Stordal kommunar var påtenkt.
Norddal kommune på indre Sunnmøre er samansett av fem bygdelag. I dette fjord- og fjellandskapet skapt av isen ligg ei av bygdene, Norddal, der vi finn Norddal prestegard på ei stor terraseflate forma av bresmeltinga i utløpet av to dalføre, Herdalen og Dyrdalen. Garden ligg som eit Mesopotamia mellom to elvar, omkransa av høge fjell og kvite fossar 2,5 km frå sjøen der Norddal kyrkje ligg. Hans Strøm skreiv i 1756 m.a.: «Øverst op i Dalen ligger Præstegden Engesæth, skjønt Relling er den rette Præstegd, den ligger smuckt til som en Skandse paa en høy Vold med en liden Dal nedenfor hvor gaarden Dalhuus ligger … især Prestegaarden Engesæth, som den øverste, der har en ypperlig Udsikt, saavel over heele Dalen som hen til Fiorden.» Og Riksantikvaren seier at det gamle tunet er «i det hele tatt et fabelaktig fint tun slik det er plassert».
Prestegarden, Engeset gard, er hovudgarden i Innsetgrenda og ein svært gammal gard med sikre røter tilbake til mellomalderen. Garden er nok endå eldre, og kanskje var det i dette området den første busetjinga i dalen kan tenkjast då garden ligg over den marine grensa før landhevinga. Norddal prestegjeld omfatta frå 1763 bygdene i Norddal kommune saman med Geiranger og Sunnylven. Engeset gard vart i 1690 prestebolgods, og i mai 1694 kjøpt til prestegard ved Kongeleg vedtak i København. Først på 1600-talet var det Ørskog-presten som åtte Engeset. Prestegardane var både bustad og inntektskjelde heilt fram til 1955. Men prestane budde ikkje alltid på gardane som vart drivne av paktarar. Kva år det flytte inn prestefamilie på den nye prestegarden er ikkje heilt sikkert. Men ein trur kanskje at det var Knud Pedersen Harboe som var pers. kapellan i Norddal prestegjeld 1690-1700 som var den første fastbuande presten. Han omkom i eit snøskred på Sunnylvsfjorden i 1700.
Ein kan spørje seg kvifor Engeset gard vart den nye prestegarden. I dei veglause bygdene til omverda var det sjøen som var kommunikasjonsvegen til alle bygdene i det vide prestegjeldet. Før motorbåten kom, var det ro- og seglbåten som var framkomstmiddelet. Og når prestegarden låg så langt frå sjøen, vart også det eit minus. Sjølv om garden ligg i ein frodig og flott natur, er det solmørkt frå oktober til mars, då området her ligg ved foten av det høgste fjellet på Sunnmøre vest for Tafjordfjella. Torvløysa på 1851 m.o.h. ligg rett i sør og stengjer for sola. Men kjøp vart det, og mykje kom av at garden var ein heil gard på ein måte. Med eit romsleg og fritt tun, vide bøar og ikkje minst eit omfattande utmarksområde med gode beite der sæterbruken var ein viktig del av driftsgrunnlaget på den tid og heilt fram til 1950-åra. Engeset gard opphøyrde som buplass for prestane i 1999 då dei flytta til Valldal. Ei 300 år lang kyrkje- og kulturhistorie tok dermed slutt sjølv om kommunikasjonane no var utruleg mykje enklare enn i farne tider. Frå 1861 har Norddal prestegjeld omfatta dei fem fjordbygdene i Norddal kommune. Enno er Engeset gard prestegard då kyrkja/staten sit som eigarar. Men det store tunet der det i desse 300 åra har vore eit yrande folkeliv er no tomt for folk det meste av året.
På garden har det vore fleire generasjonar med bygningar. I dag finn vi to bustadhus, stabbur, låve og garasje av ulik alder. Det eldste huset på garden er det vi i dag kallar paktarhuset (eller borgstova). Vi kjenner ikkje det eksakte byggeåret for borgstova, men det er truleg at bygging av ny bustad til presten tok til relativt snart etter kjøpet av garden i 1694. Riksantikvaren meiner at huset vart sett opp kring 1700, kanskje alt på 1600-talet. Kvar mann i ålmugen vart i kjøpsåret pålagt å betale 20 skilling i varer eller pengar til oppbygging av prestegarden. Huset fekk seinare ei påbygning mot aust som vart kalla Thaulowdelen og var «bispekammer og kledeskammer». Dette lange kvite huset var prestebustaden heilt fram til 1905. Karin Dale Døving skriv i ei juleforteljing: Alle gjeng med haudet på skakke og gløser over elva til den store, kvitmåla prestelåna på Engeset. Tøbakkefolket veit å fortelje at der er fine julegjester på prestegarden, og mykje til ståk. I går, julaftan, var heile låna opplyst frå eldhus til loft – dei gjekk til og med omkring ei overhendig fin granbusk midt i storsalen og song! Det måtte vere ein dansk skikk, trudde dei.
I 1905 var ein ny prestebustad i to etasjar ferdig til innflytting. Dette huset er i dag velrestaurert og er hovudbygninga på garden. I 200 år var borgstova heimen til mange prestefamiliar der det også hende at tenestefolk fekk bu. Men tidlegare fanst der både drengestove og vognhus på garden. Frå 1905 vart borgstova brukt til forpaktarbustad fram til om lag 1950, difor har den gamle prestebustaden blitt heitande paktarhuset. Vingestabburet er også gammalt, det vart flytta frå Sylte og er truleg oppført på 1600-talet. Låven som står i dag, vart bygd i 1878 som erstatning for den gamle som bles til pinneved i ein storstorm og kasta ut for bakken. Sørvesten er ikkje nådig når han slår til mellom fjella her. Dei fredingsverna husa på garden har vore sett på som verna, men det har mangla formelle vedtak. Først i 1991 vart forpaktarbustaden, hovudbygningen og stabburet freda av Riksantikvaren. Norddal kommune kjøpte i 1997 fire mål av tunet med paktarhuset og låven. Sjølv om tunet er folketomt i dag, har det historisk sus over seg, og det ligg svært godt til rette for at det kan skapast eit flott bygdetun her. Ting er på gang for å skape aktivitet i borgstova og i tunet.
Prestefamiliane, paktarar og tenestefolk har gjenom desse 300 åra hatt ulik butid på garden. Barneflokkane var ofte store, paktarane og prestane hadde mange tenestefolk, og titt var gjerne gjester på besøk. Det var eit heilt anna liv i hus og tun enn det har vore siste tiåra. Då t.d. Næss-familien budde her i 1900, var der 14 personar i husa, av dette seks tenestefolk. I 1801 budde 27 personar på prestegarden og dei fem utskilde bruka frå garden, i 1900 57 personar. Det er lett å forstå at prestegarden sette sitt preg på omlandet. Bygdene var omslutta av fjell og sjø og på mange måtar innestengde. Kommunikasjonen med omverda var tungvint og mindre omfattande. Det var ikkje så mykje å ta seg til for barn og unge. Skulegangen var folkeskulen og sjeldan noko meir. Etter konfirmasjonen var å skaffe seg arbeid det viktigaste. I det lyse halvåret var sætretida, arbeids- og friluftslivet meir aktivt, men om vinterhalvåret var det mindre å ta seg til. Ut over på 1800-talet var det mørkt og tungt på bygdene, og lite eller ingen lagsaktivitet. Før det på slutten av århundret vart litt lysare tider både økonomisk og kulturelt, og der trongen til kunnskap og opplysning kom meir til syne.
Prestefolket sette sitt preg på grannelag og bygder. Hit kom det folk med høg utdanning frå andre miljø og frå alle kantar av landet, men ikkje alle deltok like aktivt i lags- og bygdeliv. Prestane var likevel ofte føregangsmenn både kulturelt, i jordbruk og i bygdeutviklinga. På Norddal prestegard budde prestane frå 5 til 20 år, Karl Øygard og familien i heile 30 år. Mange av prestane skreiv mykje, både bøker og i blad. Nokre eksempel syner kva prestane ved sida av det religiøse arbeidet var opptekne av. Christopher Tanche (1717-1727) hadde eit stort stutteri, dvs. oppdrett og samling av hestar. Otto Finde Astrup (1745-1771) var ein av potetprestane då han saman med Hans Reutz på Rellingen var den første som dyrka poteter i Norddal – og kanskje i Noreg? I Norddal Bygdebøker blir det stilt spørsmål om det. Rasmus Andreas Rolland (1852-1862) tok seg særs mykje av skulestellet. Nils Astrup (1879-1883) deltok svært aktivt i jordbruk og jakt, han skreiv mykje, m.a. eit stort dikt om Norddal. Han vart den første misjonæren i Afrika etter Hans Egede og vart seinare biskop i Nidaros. Jakob Christian Petersen (1905-1910) var mykje aktiv i styre og stell, han var prest på Stranda (1910-1919) og vart biskop i Stavanger bispedøme (1925-1940). Norddal Bygdebøker skriv at han kunne seie ei sanning så det sat, dette viser denne replikkvekslinga frå Norddal: «Ein gong presten var ute og fór, spurde han køyrekaren om merra hans ikkje hadde føl dette året. Mannen svara at han hadde tenkt å la merra få kvile dette året, så ho hadde ikkje føl nei. «Ja, her i Norddal lar de merrane få kvile, men ikkje kjerringane,» sa Petersen». Mykje og fleire av dei 40 tals prestar og kapellanar kunne vore nemnt, men i denne samanhengen vil det passe å fortelje om presten Næss si tid i Norddal.
Sigholt Didrik Leonard Næss var fødd i Beiarn i 1885. I ungdomstida verka han som lærar og kyrkjesongar mellom utdaninngane sine, noko som truleg var medverkande til interessen han seinare hadde for ungdomsarbeid. Han studerte teologi i Kristiania saman med m.a. Elias Blix og var ferdig teolog i 1885. Han vart gift med amtmannsdottera Elise Amble, og dei fekk fem barn. I 1899 kom denne familien til Norddal prestegard på Innset der dei budde i fem år. Næss sette spor etter seg i bygda og har blitt omtala med ekstra glede. Det blir sagt at han var ein stillfarande og venesæl prest og stod for ein «ljos og fredsæl kristendom utan trongsyn». Han var ein nær venn av presten og salmediktaren Anders Hovden. Dei litterære interessene var sterke, han skreiv sjølv salmar på nynorsk, og bøker og mykje i blad og aviser. Næss nytta heile tida nynorsk og var den første presten som nytta nynorsk i tenesta i prestegjeldet. Han deltok også i den første omsetjinga av Bibelen frå hebraisk til nynorsk. Praktisk arbeid med godhug for sport og friluftsliv var andre trekk ved denne presten.
Men særleg bør nemnast Leonard Næss si interesse for ungdomsarbeid som han dreiv der han hadde prestestillingar. I ein helsingsartikkel til 70-årsdagens hans i 1925 skriv Anders Skrede: «Ungdomsrørsla har han og vore uppglødd for, og i Norddalen hadde han eit utifraa godt ungdomslag som hadde møta sine paa prestegarden; heimen hans var som ein folkehøgskule for bygdeungdomen.» Og i prestegardsstova på Innset vart ungdomslaget «Dag» skipa i 1899 og innmeldt i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag i 1904. Innmeldinga av «Dag» drog andre lag i kommunen etter seg. I 1924 vart det feira 25-årsjubileum i laget. Ole O. Yttredal (Buda-Ole) som dreiv landhandel i Norddal, skreiv eit særs interessant attersyn i lagsbladet «Torvløysa» om minne frå starten av laget og utover. Lagsbladet kom snøgt i gang etter starten og er ein liten kulturskatt på åtte handskrivne protokollar. I attersynet til Ole får vi eit klart inntrykk av kor viktig og etterlengta dette ungdomslaget vart for ungdomen i bygda. Han skriv at det var ikkje sjølvsagt at eit slikt lag kunne skipast. I «Minnerne i frå 99-åra og utetter» skriv Buda-Ole: «Det var ein væn november sundag 1899 me hadde fyrste ungdomsstemne herikring. Innbjodne i Yttredal av Eidsdalens ungdomsforening. Spaninga hjå ungdomen og eldre var stor, då det heile den tida var meir nytt og ukjendt. Heile rørsla var misskjendt dersom det ikkje ha namnet kristelegt ungdomslag eller kristeleg foreining. Dei eldre såg med mistru til dei frilynde ungdomslaga og den frilynde ungdomsrørsla i det heile, og der var prøvt på ymse vis og øyda desse laga. Det gjekk endå so vitt, dei møtte fram på møta til åtak med både prest og medhjelpar, og dei mennene sparde ikkje på harde domar. Det høyrdest hardt ut for frihuga ungdomar ein slik dom frå sjølve presten. Desse der arbeidde i god tru om å gjera noko godt, hjelpe fram seg sjølv og kameratane til meir kunnskap og daning, i staden for å slengje burtetter landevegen til fånyttes.»
Det var difor med ekstra spenning folk kom til dette møtet då den nye presten Næss og frua hadde lova å vere til stades på møtet. Alle augo var vendt mot det nyankomne prestefolket og alle øyro var høyrande for å høyre kva dei hadde og tale til ungdomen og eldre som vilde høyre. Me augna snart ikkje vona til fånyttes! Noko seinare vart ungdomslaget «Dag» skipa av presten Næss og frua hans. Det var som før nemnt ikkje so liketil å skipe lag då, attåt motburden dei hadde og arbeide seg fram med ein møtestad, og få er det visst av ungdomen no som augnar dei vanskar som melder seg for eit ungdomslag utan hus som dei sjølve åtte. Men ordtaket segjer, der det er hjarterom er og husrom, og det vanta ikkje på prestegarden. Dei let stova opp. Når sundagskvelden kom, var det benkjer og stolar kring alle veggjer i største romet. Det var oppe til ei kvar tid for ungdomsmøta og songlag. Ungdomen gledde seg som til høgtid når sundagskvelden kom so me slapp opp på prestegarden på møte i den opplyste stova. Og ein høyrde ofte tonane i frå pianoet blanda med ei høg kvinnestemme. Fru Næss spela piano og song til. Kor hugnadssamt var det ikkje frå fyrst til sist. Då me var der kjende me oss alle som ein huslyd, med prest og frua som far og mor for ein barneflokk.
Møta tok til med ein eller fleire songar av ymse slag innhald, så gjerne eit foredrag av Næss, eller rettare ei forteljing. Det var ikkje som desse store foredragshaldarane, på ein høg talarstol med ein bladhaug framfor seg, med fakter hit eller tid. Nei, han sat som vanleg i ein gamal ruggestol. Før han sette seg tok han alltid tobakksdåsen til seg. Der kunde han sitje å fortelje so ein kunde tenkje seg attende til dei gamle dagar der dei sat kring tyrispika og fortalde segner frå far til son medan han pusta dei blå røykskyene han drog til seg av pipa med den halvmeter-lange gummirøyra. Eller fru Næss kunde lese spanande historier om kongsmennene, hærmenn eller onnor historie frå ei bok – innimellom songen.
Buda-Ole nemner også at lærar Peter K. Berdal tok del, og til og med islendingane fann vegen opp til prestegarden som foredragshaldarar. Men Ole kritiserer at møtedeltakarane var lite aktive med i underhaldning og i ordskifte. Elise Næss var musikalsk og sat ved pianoet og øvde inn ein- og fleirstemmige songar som vart ein viktig del av alle møta. «Me syng det gode inn i oss», skreiv Næss i jubileumsskriftet i 1924. «Eit ungdomslag der ikkje songen er den berande kraft, vil i langtidi ikkje kunne halde seg i dett rette far». Desse songstundane var med og stimulerte den interessa for song og songkor ein hadde i bygda i mange tiår framover. Lagsbladet «Torvløysa» hadde sin plass på alle møte. Elise Næss var ansvarleg redaktør og sensor heile tida ho var på prestegarden. Alle møta slutta med ei andakt ved å syngje av desse kjende gode songar – Aa tenk på Gud i ungdomsår og andre gode songar. Der var samspel mellom religiøst og materielt. Ole skriv at det vart brukt noko tid på å lage lover og namn for ungdomslaget. Reglane er ikkje so lange som tida der gjekk til å lage desse. Der var brukt ei heil natt oppe på kontoret til Næss. Det var presten som laga namnet på ungdomslaget «Dag». Eg trur han som laga namnet tyde det umlag slik. Um dagen er det ljost, om natta myrkt. Difor er der i laget rom for alt som er ljost og godt av åndsfridom og politisk fridom, den mørke natta måtte vike.
Sjølv kor godt dei hadde det i prestestova, melde behovet seg snart for eige hus, og Næss-familien skulle reise til Elverum. Då Thaulow-delen av prestehuset vart til sals i samband med bygging av nytt prestehus, ville ungdomslaget kjøpe det og tok til å samle inn pengar. Men prisen var høgare enn rekna med, 400 kroner. Då var Fargar-Iver (Iver Tafjord) so raus at han kjøpte huset for eiga rekning. Til slutt fekk laget ei tomt lenger nede i bygda, og i 1907 stod huset ferdig og tente bygda som kulturhus i nesten 70 år.
Ole O. Yttredal ser i minneskrivet sitt i 1924 tilbake på tida i laget og er takksam for tida der. Han ser med hugnad tilbake på møte og festar, og trur at dei fleste ser med glede tilbake på tida i laget. Ikkje minst var all songen til stor hugnad, og han voner at den fine fana til laget blir halden i hevd. Ole har fått godt fram kor viktig dette lagsarbeidet vart for ungdomen, og det er ganske sikkert at tida på prestegarden vart som ein folkehøgskule for ungdommen i bygda. Og utan tvil var dei frø som vart sådde her ein start for ungdom som ville utdanne seg vidare. M.a. kan nemnast at i tida etter var det ekstra mange ungdomar frå grannelaget til prestegarden og i bygda som utdanna seg til lærarar.
Kor stor pris ungdommen sette på tida i ungdomslaget, viser alle telegram og helsingar frå utflytte bygdafolk og andre til 25-årsjubiléet. Rørande er det å lese det varme brevet Elise Næss på Vågå prestegard, der prestefolket var frå 1909 til 1928. Ho seier at jeg husker som var det i går den søndagskvelden presten og jeg stod bort på reina bortenfor gården og Andreas Storås og Lars Relling kom til oss og bad oss å begynde med et ungdomslag. Det er så glædeligt for oss at dette laget har levet så lenge – både i gode og onde dager. Og så gjerne vi vilde ha været med dere på festdagen! Det lader seg ikke gjøre. Av helsegrunnar og avstand kunne dei ikkje kome til Norddal. Thi hvor vi ferdes og hvor vi bor og hvor gamle vi end bliver, så glemmer vi nok ikke våre kjære venner i Norddal. Min hilsen til dere er, at de må vedblive at være et oplyst, arbeidssomt og morsomt folkeferd med gudsfrykt og respekt for det som er og bør være oss alle hellig. Hjertelig takk for alt godt venskap og naboskap.
Som pensjonist bodde Leonard Næss i Oslo, men ved krigsutbrotet i 1940 flytta han frå Oslo til Ringebu til dottera Eva. Og her døydde han like etterpå, og han er gravlagd i Vågå.