Norsar stadfestar jordskjelv med styrke 3,6 utanfor Ålesund: – Stort til å vere Noreg

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Eit jordskjelv med styrke 3,6 vart registrerte utanfor Ålesund torsdag kveld. Norsar seier det mest sannsynleg ikkje har ført til store skadar.
Jordskjelvet oppstod 80 kilometer vest for Ålesund klokka 21.49 og det hadde ein styrke på 3,6, viser Norsars analysar klokka 23 torsdag kveld. Tidlegare på kvelden anslo dei ein styrke på 3,4, og at skjelvet var 15 kilometer utanfor Ålesund.
Jordskjelvvakta opplyser til NTB at dei har fått fleire førespurnader, og at folk har merka skjelvet godt på land.
– Det er stort til å vere eit jordskjelv i Noreg, seier seismolog Annie Jerkins ved Norsar.
Det europeiske jordskjelvsenteret melde om eit jordskjelv på styrke 4 som trefte 51 kilometer ut i Norskehavet frå Ulsteinvik. Jerkins opplyser at dei sit på meir presise tal lokalt.
Sunnmørsposten skriv at fleire har ringt dei og fortalt om jordskjelvet.
– Først var det eit kraftig smell, så var det risting etterpå. Det var så kraftig at vi sprang ut, men det var ingenting å sjå. Eg tenkte kanskje det var ras, sidan vi bur ved eit fjell, seier Otto Sandvik, som bur i Sandvika mellom Tjørvåg og Moltustranda.