Haustvêret viste seg frå si beste side som ramme for det som er i ferd med å bli ein tradisjon. For andre året arrangerte Fjord kommune/Fjord MOT tur til Mosætra i Stordal.
Om lag 100 menneske i eit breitt aldersspenn tok turen opp til Mosætra i Stordal søndag føremiddag. Det er ei fin auke frå om lag 65 personar i fjorårsturen.
– Vi ønskjer å femne breitt og få folk ut på tur. Difor har vi lagt opp til variasjon frå å berre gå turen opp for vaksne og barn i ulike generasjonar til konkurranse med beste tid opp. Undervegs langs råsa møter ein ulike utkledde dyrefigurar. Det gjer det forhåpentlegvis både litt ekstra gøy og kan vere ein motivasjonsfaktor oppover dei bratte bakkane, seier ein engasjert MOT-coach, Robin Aasen.
Morosame opplevingar langs råsa
Det er tydeleg at dyra fengjer der dei hoppar fram og kjem i god kontakt med dei mange barna.
Vel oppe på setra finn folk seg plassar på benkar og steinar for å nyte medbrakt mat og drikke. Elles er det gode høve til å kjøpe kaker og kaffi.
Imponerande resultat i konkurranseklassen
Presis klokka 12.00 gjekk startskotet 370 høgdemeter lenger nede i dalen. Mange var spente på om det blei nye rekordar. Og det gjekk unna i imponerande tempo.
15 minutt og 30 sekund kunne den raskaste, Ingeborg S. Hole, klokke inn idet ho passerte nasjonalfargane på målstreken.
Ukrainsk-inspirert skodespel
Dyra vi møtte i råsa er komne opp og skodespelet kan starte. I år er det histora frå Ukraina om skinnvotten. Den handlar om å inkludere alle dyra i den varme skinnvotten ei kald vinternatt, trass i dyra si næringskjede og ulikskap. Mykje av MOT sin bodskap handlar om nettopp å inkludere. Skodespelet er i regi av Fjord bibliotek Stordal og frivillige medhjelparar og vert framført til stor glede og applaus.
Viktig å nå ut med MOT i heile Fjord-samfunnet
Som mange er kjende med er Fjord kommune med i MOT-programmet. Det er eit internasjonalt program for å byggje verdiar og fokusere på inkludering. Største fokuset finn ein gjennom ungdomsskuletida der det er ulike økter for å fremje gode menneskelege karaktertrekk. Kort oppsummert er fokuset tredelt gjennom verdiane mot til å bry seg, mot til å leve og mot til å seie nei.
– Ved å arrangere dette blir både yngre elevar og føresette kjende med det haldningsskapande arbeidet og kan gjerne snakke rundt det. Og det er klart ein slik dag fremjar verdiane på ein heilt annan måte i lokalsamfunnet enn berre nokre teoriøkter, seier MOT-coach Aasen.
Livsmeistring
Råsa opp til Mosætra kan nok opplevast som krevjande for nokre.
– Det er kanskje litt rart å velge ein slik destinasjon når ein er oppteken av inkludering. Men det står likevel i stil med målet om å byggje robust ungdom som har eit grunnlag for å handtere livets opp- og nedturar. Naturen er også ei sterk kjelde til både fysisk og psykisk helse. Og så får ein i overført tyding finne litt sitt eige tempo undervegs og ikkje gi seg, seier MOT-leiaren.
Han er godt nøgd med dagen og oppmøtet.
– Eg må få rose alle som både møtte opp, dei som har bidrege med logistikken og alt som krevst for å gjennomføre dette, og premiane vi har fått for å lodde ut, avsluttar ein smilande Robin Aasen.