Åknes TafjordBeredskap IKS

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Åknes Tafjord Beredskap IKS vart danna på bakgrunn av dei store utfordringane knytt til ustabile fjellparti i Åkerneset og Heggurdaksla. Selskapet har oppfylt si rolle på ein særs god måte, med den følgje at dei sentrale operative oppgåvene det har hatt, er overtatt av offentlege styresmakter som Politiet, NVE, Statsforvaltar og Helse Møre og Romsdal HF og andre. Eit resultat av arbeidet er mellom anna endringar i TEK10 og TEK17, samt endringar i plan- og bygningslova. Det operative ansvaret for overvåking, er i si heilheit overteke av NVE, og det operasjonelle ansvaret og overvåkinga er eit statleg ansvar.
På grunn av desse endringane har kommunane valt ei anna organisering på det vidare arbeidet. Styret i Åknes Tafjord Beredskap IKS, har på bestilling frå representantskapet arbeidd for å avklare vidare organisering og driftsform. I dag er desse fem kommunane med på samarbeidet: Ålesund, Ørsta, Sykkylven, Fjord og Stranda.
Representantskapet i Åknes Tafjord Beredskap IKS rår til at selskapet vert lagt ned i si noverande form, og vert erstatta av ei samarbeidsløysing som ivaretek beredskapssamarbeidet for alle berørde kommunar i vårt område. Denne avklaringa skal finne stad i løpet av første halvår 2025, og vert lagt fram for kommunestyra i eigarkommunane.
Leiar i Representantskapet,
Einar Arve Nordang
Leiar i styret,
Jan Ove Tryggestad