Bli betre kjent med sjømannskyrkja

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Else Karin Lied vil fortelje om arbeidet i sjømannskyrkja på Mental Helse Fjord sitt møte 10. september. Møtet er ope for alle interesserte og blir halde på Stordal frivilligsentral.
Først jobba ho om lag fire månader ved sjømannskyrkja i Dubai – De forente arabiske emirater. Ho opplevde arbeidet som interessant og givande, og då ho seinare vart spurt om å reise til ei sjømannskyrkje i Thailand, takka ho ja og var der i nesten to månader. Oppgåvene var ulike ved dei to sjømannskyrkjene, og ho fekk også bruk for kunnskap frå yrket sitt som sjukepleiar.
Else Karin vil også dele av opplevingane på fritida i dei to verdsdelane. Elles vil ho informere om sjømannskyrkja som organisasjon. Annonse for arrangementet kjem i papiravisa komande torsdag.