Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Du skal itte trø i graset

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ein skuleelev har i eit innlegg delt sin frustrasjon over sidemålet (for ho nynorsk). Svein Linge, ein målmann og forfattar som eg set stor pris på å lese, tok til motmæle. Linge er oppteken av kor «ung» ho er, uklok kanskje? Og lite belest i alle fall.

Saken fortset etter annonsa

Eg er bokmålutdanna, var ikkje særskilt glad i sidemålet eg hadde på skulen. No derimot, meiner eg at skriftspråket nynorsk er vakkert. Det tok si tid, men dei orda som ikkje flyt på bokmål, kan fort gjere det når eg vel å skrive på nynorsk. Grammatikken er eg sikker på ikkje er så bra, men det gjer meg glede å prøve.

Kjære Svein Linge, du er ein vis kar, og eg er einig i det meste du skriv. Men… Hersketeknikkar og ironi, trur eg ikkje gav ho gode svar. At ho er ung, og å snakke ned hennar studiar, og kor «revolusjonerande» var tankane hennes, kan ikkje vere pedagogisk. At du kaller ho «forskar» i hermeteikn, eller snakke ho ned for ho ikkje har lest hundre år gamle tekstar. Store forfattarar som skriv nynorsk har då ingenting med dagens sidemålsundervisning å gjere. Kanskje ho også har lest dei.

Saken fortset etter annonsa

Alle, dei som les bokmål og dei som les nynorsk, kan, om dei vil, lese og forstå tekstene. På samme måte som Hamsun sine «danske» tekstar, også vert forstått uansett målform. Er det slik Svein Linge trur at nynorsk skal blomstre? Trampe andre sine meiningar ned med å vere nedlatande? Eg trur at denne haldninga øydelegg meir enn den bygg opp. Motmæle uten hersketeknikkar får bodskapen betre fram, trur eg. Metaforen om sykkelen var bra, la ho få behalde den

Framtida er foran oss, ikkje bak oss. Men det er mi meining.