Ferja Eidsdal-Linge

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Torsdag ettermiddag vart Fjord kommune gjort klar over at Sjøfartsdirektoratet har varsla at det ikkje lenger vil bli gitt dispensasjon frå kravet om 6 timar samanhengande kviletid på ferjedrift. Det kom informasjon om dette frå driftsseksjonen i Fram i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette betyr for eksempel at viss ferja må frakte naudetatar og er ferdige med oppdraget klokka 02, så kan ikkje ferja starte å gå før kl 08 om morgonen.
Ei slik beredskapshending inntraff allereie i dag på sambandet Linge-Eidsdal, og har fått store konsekvensar. Folk kom seg ikkje på arbeid. Bussjåførar som skulle køyre skuleskyss kom seg ikkje over, det same med tilsette i pleie og omsorg som skulle på jobb. I tillegg til dette er det ei rekkje andre konsekvensar med dette som er heilt uhaldbare for folket i Fjord kommune. Det er avtalar om timar på sjukehus som folk ikkje når, fly som ikkje folk rekk og så vidare. Dette er totalt uakseptabelt.
Ordførar Terese Jemtegård Moen har tatt kontakt med ordførarane i dei andre sju beredskapsssambanda i fylket, og vil ta initiativ til ei felles uttale som kan bli tatt opp i møte i Vestlandsrådet komande torsdag. Ordførar oppmodar dei som opplever konsekvensane av dette om å ta kontakt med henne, slik at vi får oversikt over kva dette faktisk medfører.