Fjøretunnelen

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I Storfjordnytt 2. mai har Harald V eit innlegg der han meiner at namneforma Fjøretunnelen må vere feil. Etter mi meining er forma både rett og fornuftig, men det er heilt sikkert mange no som seier Fjøråtunnelen.
Ifølgje lov om stadnamn «skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen.» Av gode grunnar har vi ikkje nokon gammal uttale av namnet på denne tunnelen, så då får vi sjå på liknande ord.
Ein absolutt gammal, og inntil nokså nyleg, sterk regel i norsk har vore at ved samansette ord der førsteleddet er eit substantiv, skal dette substantivet stå i ubunden form, eventuelt få ei genitivsending, som -s, -a eller -e. Slik heiter det for eksempel Stordalen, men Stordalsvika; Sykkylven, men Sykkylvsfjorden; Langevågen, men langevågsbåten. Dette gjeld naturlegvis ikkje berre stadnamn, men samansette substantiv generelt.
Stadnamnet Fjørå er eit svakt hokjønnsord som har fått behalde dialektendinga -å i bestemt form. Det er nokså uvanleg, for ifølgje stadnamnlova skal skrivemåten som hovudregel følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp, og det ville ha vore Fjøra. I samansetjingar med substantivet fjøre som førsteledd får vi ord som fjørestein, fjøresand, fjørekoll, og altså Fjøretunnelen.
Eg er nokså sikker på at folk i min oppvekst på 50- og 60-talet sa fjørefolk og Fjørekaia, på same vis som vi stadig bør seie liabygdungdom og Valldalskaia, og ikkje liabygdaungdom eller Valldalenkaia.
Eg veit ikkje kven som har bestemt namneforma Fjøretunnelen, men vedkomande har gjort eit godt arbeid.