Storfjordnytt
2 minutter lesetid

– Flautt at nødvarselet berre kom på bokmål – igjen!

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I dag, 12. juni, testa Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) for tredje gongen nødvarsel på mobil. Det fyrste nødvarselet som kom i 2023, var ikkje på nynorsk.

Saken fortset etter annonsa

Sebastian Natvik, påtroppande leiar i Norsk Målungdom, seier at han var fornøgd då nødvarselet kom på nynorsk då systemet vart testa i januar.

– Det var gledeleg å sjå nødvarselet på nynorsk i nødvarselet då. Men etter eit halvt år har DSB og politiet allereie gløymt leksa si. Det er direkte flautt, seier Natvik.

– Nødvarselet er ei god og lågterskel løysing som kan informera effektivt i krisesituasjonar. Nødvarselet skal vera landsomfemnande, men det varselet som me fekk i dag, ekskluderer over 600 000 språkbrukarar, fortel Natvik.

Den påtroppande målungdomsleiaren oppmodar direktoratet til å følgja språklova. 

– I språklova står det at nynorsk skal fremjast som skriftspråk – det er eit ansvar som både politiet, Sivilforsvaret og DSB har. Det er skuffande at dei allereie har gløymt språkansvaret dei har. 

– Direktoratet burde ha ein «Post-it»-lapp med «HUGS NYNORSK» ved sida av den store raude knappen dei brukar til å senda varselet, avsluttar målungdomsleiaren.