Flott innsats av unge korpsmusikantar

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Laurdag 9. mars deltok Eidsdal Musikkorps på Nordvesten/TØF som er ein korpskonkuranse i regi av MNF Nordvest. Her deltok 17 skulekorps, 13 aspirantkorps og ni voksen-/generasjonskorps i ulike divisjonar.
Eidsdal Musikkorps deltok i klassa for generasjonskorps. I vår klasse var det kun eitt korps til som deltok, Hustavika skulekorps.
Vi var veldig spente då vi gjekk på scena. På grunn av influensa var korpset nærmast halvert, men det gjekk bra. Vi stilte med fem nummer, og på eit av dei var dei yngste i korpset, Erling Berge, Jonas Tveiterås og Mikkel Jensen solistar. På premieutdelinga på kvelden fekk vi løn for strevet. Førsteplass i divisjonen, solistpris og trombonegruppa vart beste instrumentgruppe – og vi fekk mange gode tilbakemeldingar frå dommarane.
7. april skal korpset ha vårkonsert. Det er ei god anledning til å få høyre dei sjarmerande solistane og resten av korpset – fulltallige håpar vi.
Har du lyst til å bli aspirant i korpset kan du og få sett og prøvd instrument den dagen. Det er ein flott gjeng.