Irritert mann på tråden

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Ein kar frå Stordal er på tråden til redaksjonen, rimeleg irritert er han også.
– Når eg er ute og går etter vegen, er det framleis bilar som knasar forbi på piggdekk, seier den lett opptrekte mannen.
Han peikar på at fristen for å leggje vekk piggdekka og få «sommarsko» på bilen er ute for lengst. Og sjølv om ein skal vere skodd etter forholda, meinar han på det mest bestemte at det no ikkje er nokon grunn til å ha på piggdekka no.
– Bilane er enten på veg til eller på veg frå Valldal, dermed er det antakeleg valldalingar som knasar av garde på denne måten, seier han og håpar han kan få sleppe knasinga frå piggdekk heretter.