Maidikt frå bygdekvinnelaget
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
VÅRNATT
av Halvor J. Sandsdalen
Du er så uroleg i natt, bonde,
kva er det som plagar deg?
Ikkje le søster,
men eg tenkjer på vipene.
Tenkjer du på vipene?
Sonen min harvar åkrane nå.
Eg plar setje opp staur
der det er vipereir,
men eg veit ikkje
om Jon bryr seg med det.
Han er så effektiv,
nyutdanna,
eg er så uroleg for vipene.
Kunne du ringe han søster?
Helse han frå meg
og seie
at det er helst i Rondemyrteigen
vipa held seg.
Eg har berga mange vipereir der.
Kan du ringe han i natt søster?
Jon er så tidleg ute med traktoren.
Maihelsing frå Valldal bygdekvinnelag
Ved Lindås kyrkje ved Bergen har dugnadsgruppa «Vangsgutane» (utan Larris) bygd opp Lindås kyrkjepark. Her er sett opp minnesmerke over kjende personar frå Lindås. Så fann dei på at dei ville også heidre vipa, ho er utrydningstrua. Det vart laga ein bronsefugl med reir og minneplate, og vipa vart plassert ved statuen av lyrikaren Aslaug Låstad Lygre. I reiret ligg fire egg, to og to saman med spissane mot seg, som det brukte å vere.
På tekstplata står mellom anna: Vipa har budd på Lindås i mange hundre år. Før var det mange tusen som kom for å bu her i vår- og sommarmånadene. Dei kom i mars og slo seg ned på Lonemyrane. Men no er mykje utbygd med senter og bustader, og det er lite plass att for vipa. På Lonemyrane budde vipa tett på ein nabo som hadde kalla heimen for Vipenborg. Når vipa kom, gjesta han Andreas Lonemyrane, helsa med hatten og sa: Velkomen våren med vipa!