Misjonshistorie på paktarstova i Norddal

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det har vore mange markante prestar i Norddal prestegjeld. Ein av dei var Nils Astrup (1843-1919).
Sist helg fortalde Eystein Hjelme om Astrup i eit foredrag i paktarstova til Norddal prestegard der Astrup budde i åra 1879-1883.
Då han slutta som prest i 1883, reiste han til Natal i Sør-Afrika og tok over som leiar for den norske misjonen der som var etablert av Hans Screuder.
25 norddalingar følgde Astrup til Natal, eller Zululand som området vart kalla, og ofra seg for å bringe evangeliet ut til dei vantru. Misjonsvenner som vart att heime støtta arbeidet på «misjonsmarkane» med pengar.
Hjelme fortalde at dei i Hellesylt hadde ein åker dei kalla Zuluåkeren. Pengane dei fekk for kornet frå denne åkeren vart sende til Sør-Afrika. Slike åkrar fanst nok ikkje berre på Hellesylt. I mange sunnmørsbygder var det misjonsåkrar. Både Zuluåkrar og andre.