Nei til eigedomsskatt i Fjord kommune

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Nokre parti ønskjer eigedomsskatt av prinsipp. Fjord Høgre kan derimot ikkje vere med på å pålegge innbyggjarar og næringsliv ekstra belastning gjennom eigedomsskatt på næring, hus og hytte når dette ikkje er tvingande nødvendig for kommunens økonomi.
Fjord kommune har store ekstrainntekter kvart år samanlikna med samanliknbare kommunar. Desse inntektene er gode å ha – for med vår geografi og spreidde busetnad så har vi større driftskostnader enn mange andre kommunar. Meirinntektene i Fjord kommune bør likevel vere meir enn store nok til å ta høgde for driftsulempene vi har.
I desember -23 vedtok kommunestyret eit budsjett kor ein oppnår økonomisk kontroll i 2024, og som i 2025-2027 leverer netto driftsresultat på om lag 5 millionar kroner årleg. Kvifor skal ein då belaste innbyggjarar og næringsliv med ytterlegare skatt?
Den største utfordringa for Fjord kommune er utviklinga i folketal og arbeidsplassar. Ein folketalsvekst på 50-70 personar genererer større inntekter til kommunen enn kva maksimalt forventa inntekt på eigedomsskatt vil gjere. Innsatsen må derfor setjast inn mot å auke tilflyttinga og vekse talet på arbeidsplassar. Ein må spørje seg kva effektar eigedomsskatt vil få på kommunens renommé og attraktivitet som stad å bu og drive næring?
Vi seier nei til innføring av eigedomsskatt fordi det ikkje er tvingande nødvendig og fordi det sannsynlegvis vil ha negative effektar på tilflytting og næringsutvikling. Som ein naturleg konsekvens vil vi heller ikkje bruke 2 millionar kroner på å førebu grunnlag for utskriving av slik skatt. Vi har mange andre gode formål å bruke 2 millionar kroner på.