Ny prost i Nordre Sunnmøre prosti

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Nordre Sunnmøre prosti strekkjer seg frå Ona til Geiranger og er det største og mest folkerike prostiet av dei fem prostia i Møre bispedømme.
På sundag, 1. søndag i advent, blir Karl Johan Bjørge innsett i tenesta som prost i dette store prostiet. Innsettinga skjer i Borgund kyrkje, klokka 13.00. Biskop Ingeborg Midttømme vil, saman med fleire av prestane i prostiet, representantar frå andre kyrkjeleg tilsette og rådsvalde, ta del under innsettingsgudstenesta.
Karl Johan Bjørge er oppvaksen på Ellingsøya, er gift og far til tre. Dei siste åra har han vore busett på heimstaden og har gjort teneste som sokneprest i Vatne og Hamnsund sokn.
I ein god del år har Bjørge vore busett andre stader i landet. Han har ein litt annan veg inn i prestetenesta, gjennom utdanning frå Fjellhaug misjonsskule og ved utdanning som idéhistorikar frå universitetet i Oslo. Han har også studiar i journalistikk, livssynsanskuelse og kommunikasjon frå Gimlekollen mediesenter. Undervegs og etter studia har Bjørge arbeidd som leiar for programarbeidet i NKSS (Laget), han har vore krinssekretær for NLM (Misjonssambandet) i Hedmark og han har arbeidd som prest i Vestre Aker i Oslo og som sokneprest i Storfjord i Nord-Troms.
Det er ein mangfaldig, klok og erfaren medarbeidar som tar til i den nye tenesta som prost i Nordre Sunnmøre prosti. Møre Bispedømme og kyrkjelydane helsar Bjørge velkommen i tenesta.