Prentesvarten

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det er lite nytt om Prentesvarten for tida, men han lever vel i beste velgåande. Han herja ofte stygt i avisene så lenge desse vart trykte på det som no kan kallast ”gamlemåten”. Truleg har Prentesvarten også blitt digitalisert som alle andre. For ikkje lenge sidan kom eg over denne trafikkmeldinga: ”E6 Narvik-Bjerkvik: Flokk med regn i veibanen i Gjeisvik”. Dette liknar svært på faktene til Prentesvarten, og her er det tydeleg at digitalisert talegjenkjenning er eit nytt arbeidsområde som han har funne fram til. Han boltrar seg og skaper dei raraste setningar og framstillingar. Det kan bli god underhaldning av å samle opp slikt på ein bestemt spalteplass i ei avis.
Denne merkelege trafikkmeldinga sende eg til Sunnmørsposten, men det var ikkje interessant for Saksa. Så har visst Sunnmørsposten funne ut at å gå laus på gamle, gode ordtak med saks er vegen å gå. I Sunnmørsposten laurdag 20. april gjer dei nettopp det.
Dei gamle ordtaka er spekka med visdom og klokskap. Dei byggjer gjerne på erfaring gjennom mange ættledd. Å gå laus på slike ordtak med ironi og uthenging er fullstendig skivebom. Det kan kanskje av og til vere litt vanskeleg å fatte djupna i desse visdomsorda, men då må ein heller bruke litt tid på å finne ut av det. Det første ordtaket er brukt som overskrift i lesarinnlegget mitt i Storfjordnytt torsdag 11. april og lyder slik: ”Godt byte batar begge”. Dette er meisterleg forma av forfedrane våre og med bokstavrim. Det andre ordtaket i innlegget er: ”Det kan heppe, og det kan gleppe”. Dette er like meisterleg forma med enderim.